Om Hjertebank
Eg, Vigdis Jordal er utdanna farmasøyt med arbeids erfaring frå apotek i Norge og Israel. Storparten av arbeiderfaringa mi er frå givande år i legemiddelindustrien, også i USA , og sist som markedssjef i GlaxoSmithKline.
Entusiasme, kreativitet og engasjement er varemerket mitt og dermed lesten til firma HJERTEBANK. Her formidlar eg historier om engasjement som gir varig verdi i møter mellom mennesker. Historier som inspirerer og motiverer til å gjera ein forskjell i verden, noko som gir meining.
- Oldefar var gründer av Aurlandsskoen. Då eg var liten var det godt å besøka skomakerverkstaden. Framleis kan eg erindra lukta av lær og kokekaffi, hyller fylt med nylaga sko, vegguret i harmonisk takt med arbeidsrytmen, det lune humøret og skrønene til dei kjente og kjære karane i blå kjeledressar. Omsorgen. Skoen er eit produkt av lær, men lesten er skapt under eit levande engasjement i møter mellom mennesker. Eg har alltid trudd og trur framleis, at det er derfor ingen annan sko formar seg bedre etter foten, den blir ein heilhjerta del av deg.
Akkurat den samme lesten er Hjertebank bygd på.
Å engasjere seg i møter med mennesker skaper resultat som lønner seg, både for den enkelte, for arbeidsplassen og for verda. Gjennom foredrag og kurs får deltagarane høyre eksempel på og praktisera metodar som inspirererar fram den gode historia. Eg skreddersyr foredrag om engasjement som berører - til bedrifter og organisasjonar.
Til ulike små og store arrangement, tilbyr eg profesjonell konferansier tjeneste og til bursdag eller begravelse opptrer eg med dikt og kåseri, både til latter og ettertanke.
- Vigdis Jordal er lett å begeistre, sosial, kreativ og ofte forelska i livet – ”Framtida er ikkje nok, det er i dag det gjeld å engasjera seg, med hjarta, seier ho på klingande Vossadialekt. Hun er kjent for en annerledes tilnærming fordi hun ekte og ærleg gir av seg selv" ref Sverre Chr. Willhelmsen.
